Mot ytre korridor av E39

Følgjande er eit høyringsnotat mot den såkalla Jærlina, dvs. alternativ 3, ytre korridor via Lølandsvann, og alternativ 4, ytre korridor via Flikka av E39. Høyringsfristen er 28. april. Ver merksame på at de ikkje skriv på både dei handskrivne listene og den elektroniske kampanjen. Sjølv om Gro Tove Sandsmark står oppførd som forfattar her på nettstaden og på alle måtar er ansvarleg for alle feil som måtte vera i teksten, er det eit heilt lag av gode folk som står bak innhaldet i høyringsnotatet, og det hadde vore umogleg å skriva det utan deira kunnskap og rettleiing. Ei særleg takk til John Stene og Per Magnus Finnanger Sandsmark.  

sandsmark_monen.jpgStatens vegvesen, Region Sør

Høyringsnotat: E39 Lyngdal Vest - Sandnes

Formålet med dette notatet er å føra argumentasjon mot den såkalla Jærlina, dvs. alternativ 3, ytre korridor via Lølandsvann, og alternativ 4, ytre korridor via Flikka. For å forenkla argumentasjonen i framhaldet vil omgrepa Ytre korridor/Jærlina referera til begge alternativa. Me som skriv under dette dokumentet, er grunneigarar, huseigarar, leigebuarar, hytteeigarar, forpaktarar og andre interessentar med tilknyting til grunnkrinsane 11120301 Sandsmark og 11120304 Eide i Heskestad, som tar særskilt avstand frå denne løysninga.

Det er dessverre slik at alle alternativa vil ramma gardar og husstandar i Heskestadbygda. Ytre korridor vil, dersom lina blir slik ho er synt på videoen, gjera begge byggjefelta på Sandsmark ubuelege. Det er vanskeleg å sjå føre seg at det litle lokalsamfunnet i denne enden av bygda vil tola ein potensiell kraftig reduksjon i folkesetnaden. Folkesetnaden har sidan 1999 gått frå 261 innbyggjarar til 210 innbyggjarar 1.1.2017. Det er ein reduksjon på 19,5 % på berre 18 år. Ein ytterlegare reduksjon vil kunna gjera det vanskelegare å rekruttera fleire til å bu i og driva gardsdrift i bygda. Det kan også bli svært vanskeleg for dei som må gi frå seg husa sine, å kunna byggja eller kjøpa eit nytt hus for den taksten som blir gitt på hus i Heskestad, særleg om dei vil slå seg ned i meir sentrale strøk, t.d. på Moi eller i Egersund.

Tabell:

Reduksjon i folkesetnad i grunnkrinsane i Heskestad/ Eide:  

                                 1999  2004  2009  2014  2017

11120301 Sandsmark   57      49      52      39      45

11120304 Eide             99    103      79      78      76  

 

Trass i at me ser mørkt på at fleire av oss kan mista hus og heim, at bygda kan bli endå meir avfolka, og at det blir små utsikter for framtidig vekst, skjønar me at alle linene vil ha liknande konsekvensar for nokon, om enn i varierande grad. Me meiner oppriktig at Ytre korridor, den såkalla Jærlina, har fleire ulemper for miljø, folk og næringsliv, medan indre korridor har nokre opplagde fordelar:

 

Indre trase gir raskare og tryggare veg på ein billigare måte

Jærlinja er lengre både i tid og kilometer. Motivasjonen for å byggja ein ny veg har vore å korta ned avstanden mellom Stavanger og Kristiansand/Oslo. Det gjer ein best ved å byggja indre korridor.

Ytre korridor/Jærlina er eit kompromiss, som ber preg av å ta med alle ulempene ved å leggja ein firefelts motorveg over Jæren og gjennom Dalane utan å få med Sokndal, Flekkefjord og resten av kystbyane på Sørlandet.

Den ytre korridoren er dyrare alternativ. Den indre korridoren kan bruka strekningar som alt eksisterer, t.d. heile Storsheia.

Ved å bruka indre korridor kan ein minka talet på vegkryss, som vil redusera kostnadene endå meir. Dette alternativet samlar vegnettet, og er mest praktisk og trygt i høve til kryssande trafikk.

Landskapet på Jæren, særleg i Time, ligg ofte i skodde, og dette lar seg dårleg kombinera med å køyra 110 km/t. Om vinteren er dette området utsett for snøfokk.

Strekningen over Langhus/Øystad er også vêrhard og utsett for snøfokk og hålke.  

 

Indre trase tar betre omsyn til natur, landbruksverksemd og kulturlandskap

Jærlina går, som namnet seier, gjennom eit av dei viktigaste landbruksområda i landet. Det er ikkje til å unngå at det vil gå med mykje matjord, som jo er uønska i seg sjølv, og at prosjektet vil gå hardt ut over landbruksverksemda i området.

Ytre korridor øydelegg også mykje av den beste landbruksjorda på Monen og Eide, i eit område der det er lite av slaget og det er vanskeleg å rekruttera nye til landbruket.

Den ytre korridoren går gjennom dei særmerkte og relativt urørde lågheiane i Dalane, mellom anna kryssar han Bjerkreimsvassdraget over Fotlandsvatnet. Dette er eit dyrefredingsområde, og Fotlandsvatnet er eit verneområde. (Kongeleg res. 20.12.1996.)

Dalane har på grunn av geografisk plassering og klima eit rikt fugleliv, dyreliv og varmekjær lauvskog.

På Jæren kjem det ofte inn fugleartar som elles ikkje hekkar i Norge. Ytre korridor vil kunna vera ein trussel for desse artane.

Ytre korridor fører som nemnt til forholdsvis store busetnadsendringar i små bygdesamfunn som er særskilt utsette for endringar.