Medlemskap i Høydalsfjord Friskule

Høydalsfjord Friskule
Medlemsskap

Ved å signere dette skjemaet, teiknar eg meg som medlem i Høydalsfjord Friskule.  Medlemsskapet er gratis og vil ikkje føre til kostnader for dei som skriv under. 

Viktig at signatur blir satt til offentlig. 

Då det vart kjent at Steinhovden endå ein gong vart føreslått nedlagt og at elevane skal overførast til Eikefjord skule frå hausten 2021, skunda vi oss å børste støvet av planane om friskule.  No er det mogeleg å søkje Utdanningsdirektoratet om godkjenning av friskule etter særskilt profil, og ein av desse er entreprenørskap.

Vi fekk greie på at Fresvik skule i Vik kommune fekk godkjent friskule med entreprenørskapsprofil då skulen deira vart lagt ned, og fekk kjøpe ein læreplan frå EnSpire Norge AS som har utvikla denne. Samtidig fekk vi retten til å bruke EnSpire i namnet på skulen.  Du kan lese meir om entreprenørskapsskulane på heimesidene til Enspire Norge: Våre skoler | EnSpire. Vi endra namnet på Steinhovden Montessoriforening til Høydalsfjord Friskule i Einingsregisteret og fekk sendt inn søknaden om godkjenning av entreprenørskapsskule til Utdanningsdirektoratet innan fristen 1. februar 2021.
22 februar 2021 fekk vi tilbakemelding frå udir om at søknaden er sendt til Kinn kommune til uttale. Mange friskular er organiserte som eit aksjeselskap, og truleg bør Høydalsfjord Friskule også vere det. 

Men no er vi registrerte som eit lag, og både på grunn av skulesaka og for at vi skal framstå som truverdige, er det viktig at flest mogeleg teiknar seg som medlemmar. Vi har oppretta ein «underskriftsaksjon» på opprop.net der du kan teikne medlemsskap.

De vil få nærmare orientering om saka på årsmøtet 8. mars, og i mellomtida er det viktig å få så mange medlemmar som mogeleg.  

Med helsing Høydalsfjord Friskule  

-Bjarte Steinhovden-

Styreleiar

 

 

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Bjarte D. Steinhovden fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...