Me krev gatelys langs fylkesveg 301 frå Myri til Øygarden

Idag er det gatelys fram til innkjøyringa ved Myri/Haugagjerdet. Strekningen herifrå og vidare framover mot Hjelle langs fylkesveg 301 er heilt mørklagt når dagslyset forsvinn. Det bur masse ungar i alle byggefelta langs denne fylkesvegen (Flåten, Tråi, Haugagjerdet og Myri), samt at det også bur ungar på gardane på Timmersletti og Øygarden. Det er også svært mange turgåarar langs fylkesvegen.  Me krev å få gatelys langs denne strekningen mellom Myri og Øygarden for å betre trafikktryggleiken til både gåande og bilistar. Me opplever at strekninga blir brukt som ein fristad for dei som ynskjer å "herje" og gasse på litt med bilkjøyring og anna motorferdsle etter mørkets frembrudd sjølv om fartsgrensa er 40-60km i timen. Denne kjøyringa er og noko som gjere strekningen trafikkfarleg. Me meiner at gatelys kan bidra til å redusere denne "gapakjøyringa".

I enden av Myri kjem gangvegen frå boligfeltet rett ut på fylkesvegen. Der er det svært kort avstand til svingen ved "gamle skulehuset" noko som gjere at det kan være uovrsiktleg for både gåande og kjøyrande når gåande skal krysse vegen ved dette punktet. I tillegg kjem turstien frå moloen langs elva rett ut på fylkesvegen i denne svingen ved "gamle skulehuset". Heile området er heilt mørklagt etter at dagslyset forsvinn.