La Vikebygda skule leve!!

Kjære medforeldre og sambygdinger. 
Vi må engasjere oss om vi skal behalde Vikebygda og alle stemmer tel!

Bratteberg har ikkje plass til 52 fleire elevar i 1. til 4. Klasse og 50 fleire på SFO. 
Fleire elevar vert truleg flytta til Øyra om dette skjer.

Om Vikebygda vert nedlagt får det store konsekvenser for ungane våre også i dei høgare trinna. 
Trongare skule, brakker, fleire elevar per lærar. Pedagogane åtvarer mot ei samanalåing.

FAU jobbar hardt politisk. Vi treng at alle engasjerer deg og seie nei til samanstuing av ungane!

 

Frå samfunnsdelen (altså kommunen sitt øvste leiiande strategidokument) i den nye arealdelplanen, som skal godkjennast i okt/nov., kan vi lese:

I 2028 spår SSB at det vil vere 1281 fleire innbyggarar i Volda, det vil seie i alt
10 318 innbyggarar.
I forhold til i 2016 vil det i 2028 vere:
+ 207 i barnehagealder
+ 98 i barneskulealder
+ 19 i ungdomsskulen
- 4 i alderen 16–19 år, 
og vidare står det om mål: Vidareutvikle dei gode oppvekst- og utdanningsmoglegheitene i Volda.

Vi berre spør: KVAR skal desse + 98 borna i barneskulealder gå på skule om vi har lagt ned Vikebygda?

Takksam om de deler underskriftsskampanjen og at de engasjerer dykk.

Følg gjerne Vikebygda Grendautval på FB og del deira innlegg.

tekstMøre1.jpg


Margrethe Munthe Vassbotn    Kontakt personen bak underskriftskampanjen