Krav om nye vegar frå Håmyrafeltet og ned i Volda sentrum

Ordføraren og politikarane i Volda kommune gjev uttrykk for at dei er sjokkerte over resultatet av vedtaket dei gjorde om å la bustadgata Raudemyrvegen vera anleggsveg inn og ut av Håmyrafeltet. Dette kjem til uttrykk etter at innbyggjarane som bur langs Raudemyrvegen har skrive i avisa Møre og invitert politikarar, ordførar og teknisk sjef på synfaring. 

Formannskapet i kommuna har fatta hastevedtak om å bøte på skadane men dette vert mest som å setja ein plasterlapp over ein verkebyll. 

Volda kommune har til no gjort innbyggjarane langs Raudemyrvegen stor urett men dette kan ordnast opp i ved raskt å byggje to nye vegar frå Håmyrafeltet og ned i Volda sentrum. 

Dette vil lette såvel dei noverande helsemessige og miljømessige konsekvensane av Håmyrautbyggjinga som framtidige.

Fleire vegar frå Håmyrafeltet og ned i sentrum er alfa og omega for innbyggjarane langs Raudemyrvegen, Heltnevegen og Engesetgeilea.

Er DU enig i at Volda kommune raskt må byggje fleire vegar frå Håmyrafeltet og ned i Volda sentrum er det flott om Du skriv under på dette oppropet. Du kan òg støtte saka på facebook via FB.gruppa "Vi som krev to nye vegar frå Håmyrafeltet og ned i sentrum".