Ja til tursti frå Leikongsætra og opp mot skaret.

For å dokumentere at det er stor interesse for turstien, som turstigruppa i Gurskøy IL har fått mandat til å utrede og søke om godkjenning av, opprettar vi no ei underskriftkampanje. Det er no (16.04.21) 589 medlemmar i Facebook-gruppa "Tursti på Leikongsætra". Dette viser at interessa er stor og at mange vil nytte seg av dette tilbodet, og det er vi i tursti-gruppa glade for. Det gir oss ny giv for å stå på for prosjektet vi har stor tru på. Her kan du vise di støtte, og signere deg på oppropet.

Vi vil presisere at det ligg inne ein revidert søknad med endringar der vi har tilpassa prosjektet meir oppimot tilbakemeldingar og vesentlege innvendingar frå Statsforvaltaren (Fylkesmann).

Bl.a. endring på breidde som går frå 2m ned til 1,2-1,5m, og lengda på stien. Denne blir korta ned slik at den ikkje utgjer endring på urøyvd natur. Informasjon som vi også har fått frå Ole Torbjørn Nyvoll i Miljødirektoratet skriv at ein sti med breidde på 1,2-1,5m, om med minimal bearbeiding av grunnen og flytting av masser, vil sjåast på som eit lettare naturinngrep og vil aleine ikkje føre til reduksjon av inngrepsfri natur på kart.

 

Om du vil, blir vi glade for om du signerer og deler dette slik at flest mogleg blir med. Om du veit om nokon som er for dette prosjektet, som ikkje er på Facebook, vil vi ha ei manuell liste tilgjengelig slik dei kan få signert på den. Då er det berre å ta kontakt med Bjørn Leikanger (92609737), Per-Ola Kleppe (99015158), Steinar Aasebø (90415539), Olav Andre Risahagen (99752134) eller Gunlaug Sandvik (93203508) so får dei signere på ei av listene våre. Vi vil og legge ut lister på strategiske møteplassar og kjem med meir info om kor du finn desse etter kvart på Facebook-gruppa.

 

Mvh

Turstigruppa Gurskøy IL

 

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Gunlaug Sandvik fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...