Ja, til konsekvensanalyse før innføring av eigedomsskatt

Skjermbilde_hus2.JPGEigedomsskatt – Seljord kommune – behov for konsekvensutgreiing? Alle som er heimelshavar til eigedom i Seljord kommune, har motteke informasjonsskriv frå kommuneadministrasjonen. Der opplyser dei om at det er vedteke å innføre eigedomsskatt på faste eigedommar i heile kommunen. Det har òg kommet informasjon om korleis skattegrunnlaget vert regna ut, og arbeidet med taksering av alle eigedommane er starta opp.

Konsekvensutgreiing Seljord kommune har allereie nokon av dei høgaste kommunale avgiftene i landet, og så langt er det ikkje klart kva for konsekvensar innføring av eigedomsskatten vil få, for private eigedommar eller næringsbygg. Dette bekymrar ein del privatpersonar og næringslivet i kommunen, og me meiner difor at Seljord kommune bør gjennomføre ei konsekvensutgreiing. Ei slik utgreiing vil belyse alle sider og den vil vera eit svært nyttig grunnlag for endeleg avgjerd om innføring av eigedomsskatt i kommunen.  

Oppmoding til å støtte forslag om konsekvensutgreiing  Me vil difor oppmode deg til å signere dette dokumentet, og støtte opp om at kommunen gjennomfører ei konsekvensanalyse og for evt å fremje eit innbyggarforslag til politikarane. Innbyggarforslag i høve til kommunelova §39 a, er eit verkemiddel innbyggarane kan nytte, for å få opp ei sak. I dette tilfellet kjem me til å krevje at saka om innføring av eigedomsskatt i Seljord takast opp på nytt, og at dei må gjennomføre ei konsekvensvurdering, hausten-vinteren 2021/22.

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Seljord Næringslag fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...