Hald Omvikdalen samla!

• Vi ønskjer ikkje at krinsgrensene mellom Omvikdalen og Rosendal skal endrast.
• På sikt vil dette redusera elevtalet ved skulen.
• Alle ungane i bygda må få sjansen gå på skulen i bygda, saman med dei som dei kjenner.
• Vi vil heller ha gang- og sykkelveg over Lundsbakkane. Då vil bustadfeltet Lundshagen II komma.
• Utsett spørsmålet om grenser eit år til vi ser om vi får gang- og sykkelveg.

Det er foreslått å endra krinsgrensene slik at alt bortanfor Best blir overført til Malmanger skulekrins. Framtidige barn i området skal gå på Malmanger.

Dersom ca. 1/4 av bygda vert overført til Malmanger skulekrins så blir ikkje berre elevtalet på Omvikdalen skule redusert på sikt. Det fører også til at denne delen av bygda vil orientera seg mot Rosendal på mange andre område: fritidsaktivitetar, frivillig arbeid, 17. mai og andre arrangement i Omvikdalen.

Sjansen for å få gang- og sykkelsti over Lundsbakkane vert kraftig redusert, sidan denne ikkje lenger trengs for skulevegen til ungane i Lundshagen og Lundsneset.

Vi som skriv under her, ønskjer at bygda Omvikdalen skal bestå og fortsetja å veksa. Vi ønskjer ikkje å dela bygda, og difor ber vi om at Omvikdalen skulekrins framleis skal gå frå og med Lundsneset til og med Sandvikelio.

Ei grense vil dela ungane og folka uansett kor grensa går. Men det er ekstremt ugunstig viss grensa går midt igjennom bygda. Omvikdalen, frå Lundsnest til Sandvikelio, er eit livskraftig, samanhengande og samansveisa bygdesamfunn, og slik ønskjer vi at det framleis skal vera, og at bygda skal veksa!

Det blir argumentert med at feltet Lundshagen II blir løyst ut dersom krinsgrensene blir endra. Vi ber om at vi heller ventar eit år og ser om vi kan få løyst ut Lundshagen II ved å få gang- og sykkelveg over Lundsbakkane.


Krinsgrense-komitéen, for FAU    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Fyll inn skjemaet under for å signere på denne underskriftskampanjen, som er opprettet av Krinsgrense-komitéen, for FAU. Forfatteren av underskriftskampanjen vil se all informasjon du oppgir i dette skjemaet.


ELLER

Du vil motta en e-post med en link for å bekrefte din signatur. For å sikre at du mottar e-postene våre, vennligst legg til info@opprop.net i adresseboken din eller i listen over trygge avsendere.

Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Facebook