Fortsatt bydelsbasseng på Landås

Vi vil vise at bydelsbassenget på Landås er viktig! Fleire nærskular brukar bassenget til svømmeundervisning og mange lag og organisasjonar held kurs der både for babyar, barn og vaksne.

Framtida til bassenget i Landåshallen har lenge vore usikker, då byråden for idrett ikkje har ville svare på kva han planlegg for Landåshallen. Sjå til dømes dette oppslaget i Bergensavisen av 11/09/14 http://www.ba.no/nyheter/article7577316.ece der han seier: "Landåshallen er tidligere foreslått revet og reist på ny uten basseng. Stormoen sier det ikke er tatt noen endelig beslutning når det gjelder Landåshallen, men at bassenget er i en så dårlig forfatning at det vil koste svært mye å pusse opp."

Vi har også lese i BT i oktober at det ikkje ligg inne vedlikehaldsinvesteringar på Landås i tidsrommet fram til 2019. 

Vi er glade i Landåshallen vår, og vonar han får ei god og driftssikker framtid. Likevel, så er det verdt å merkje seg at det finst eit basseng til på Landås, nemleg på den gamle Lærarhøgskulen som Bergen kommune no har overteke. Landåssamfunnet vil gjerne gå i ein dialog med Bergen kommune om bruken av dette. 

Dette oppropet er teke initiativ til av Foreldrenes arbeidsutval på Landås skule, med vedtak av 30. september 2014 der vi vil starte ein underskriftsaksjon for bydelsbassenget. 

Vi vil snarast samle alle organisasjonar og einigar som har interesse i at vi forstsatt skal ha basseng i bydelen vår, og be om eit møte med ansvarlege myndigheiter i Bergen kommune for å legge fram vår sak. Vi vonar derfor at alle som signerer oppropet deler dette med vener og kjende slik at vi framstår med så stor tyngde som råd!

Lik gjerne sida vår på Facebook

På vegne av FAU på Landås

Laila Melkevoll

 


Laila Melkevoll, FAU-leiar på Landås    Kontakt personen bak underskriftskampanjen