Folket sitt nei! Hjelp oss å redde dei mest ikoniske og spektakulære områda på Vestlandet og Nord-Vestlandet!

Kampen som vi no kjempar for å bevare Stadlandet, Bremanger, Runde, Mørekysten, Haramsøya og Dalsbotnfjellet mot rasering frå vindkraftutbygging, handlar om noko meir enn berre ein kamp for lokal natur. Nettopp difor er dette så viktig!

Stadthalvøya.jpgRunde1.jpgharamsøya.jpgSildefiske_på_Mørekysten.jpgDet handlar om det som går tapt av vår unike naturarv og kulturhistorie. Men det handlar også om korleis sentrale styringsorgan verdset landskap, naturmangfald og artsrikdom. Det handlar om kva som vert rettferdiggjort i konsesjonsprosessar i statlege forvaltningsorgan. Om vår tillit til rettmessige demokratiske prosessar i saker som omhandlar natur av nasjonal og global tyding, og om praktisering av lovverk og internasjonale konvensjonar knytt til vern av landskap, natur og miljø.

Ikkje minst handlar det om å fornye folket sin tapte tillit; ved å trekkje konsesjonar som er gitt på feil kunnskapsgrunnlag, og som får store konsekvensar for natur, miljø, helse og livskvalitet. 

Ny forsking viser at eit av dei viktigaste klimatiltaka, er å late naturen få vere i fred. Vi reddar ikkje klimaet ved å ofre naturperlene på Vestlandskysten! Lat oss i saman sørge for å kunne overlevere naturen til framtidige generasjonar, slik vi sjølve mottok den! Vi har eit forvaltingsansvar for naturrikdomen og biomangfaldet langs Vestlandskysten!

Naturen har vi berre til låns! Støtt oss i kampen ved å signere dette oppropet!


Wenche Hovlid Sortvik, Line Skår    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Wenche Hovlid Sortvik, Line Skår fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...