Borgarløn i krisetid

4762EB40-E272-4077-A065-28B3F1F02A50.jpegOver natta har store delar av norske innbyggarar, arbeidstakarar og arbeidsgjevarar mista næringsgrunnlaget sitt, og folk anar ikkje korleis dei skal greie dei faste forpliktelsane sine. Regjeringa har endeleg kome på bana når det gjeld tiltak som skal begrense smitte av Corona-viruset. Men vi må handle no for å unngå at ikkje halve landet skal ligge med knekt økonomisk rygg når vi ein gong i framtida greier å få bukt med viruset. Vi har midlar til borgarløn i Noreg, og ei slik mellombels ordning no i krisetid vil kunne sørge for ei viss fart i økonomien - ikkje stor fart, men nok til at ikkje alt stoppar fullstendig opp. I tillegg vil det hjelpe oss til å kome oss raskare på beina igjen, samt sørge for at vi slepp å sjå at folk må gå frå hus og heim.

NAV er kjende for å vere svært seindrektige når det gjeld saksbehandling. I tillegg kjem no meldingane om at NAV-serverane held på å knele. Korleis trur myndigheitene at NAV skal greie å sørge for dagpengar til folk gjennom dei vanlege kanalane, skjemaveldet og ikkje minst behandlingstid for dei hundretusenvis av søknadane?

NAV vil rett og slett ikkje greie å bistå alle som treng hjelp effektivt nok, slik systemet fungerer i dag. Ei borgarløn er den mest effektive måten å bistå på no. Ein slepp sjølvsagt å søke, og det vil heller ikkje kreve store saksbehandlinga for å effektuere ei borgarløn. 

Storleiken på borgarlåna vert foreslått til 19.500 kr. pr. månad, og beløpet er skattefritt. Om ein skulle greie å skaffe seg anna inntekt på toppen av dette, er det berre øvrig inntekt som skal skattast for.

Den største feilen vi gjer i den situasjonen vi er i no, er å vente på at alt dette skal vere over i løpet av kort tid. Det kjem ikkje til å skje. Den kvardagen du hadde for 4 veker sidan kjem ikkje tilbake på ei god stund - kanskje aldri. Det betyr ikkje at det nye livet kjem til å bli dårlegare. Kanskje tvertimot.

Borgarløn har vore diskutert ved mange høve tidlegare. Dette er første gong vi faktisk treng det i nyare tid. Dette er eit opprop til den norske regjeringa: Innfør borgarløn no!

 

RUTGER BREGMAN OM BORGARLØN:

https://youtu.be/ydKcaIE6O1k

 

Signer dette oppropet

Ved å signere godkjenner jeg at Fredrik Steen kan overlevere signaturen min til dem som har innflytelse på denne saken.


ELLER

Du vil motta en e-post med en link for å bekrefte din signatur. For å sikre at du mottar e-postene våre, vennligst legg til info@opprop.net i adresseboken din eller i listen over trygge avsendere.

Merk at du ikke kan bekrefte signaturen din ved å svare på denne meldingen.




Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...

Facebook