NEI til Vindkrafterk på Haramsøy
Kontakt personen bak underskriftskampanjen
NEI til vindkraftverk på Haramsfjellet.
2019-09-01 11:05:36Takk for at du signerte innbyggerinitiativet, det var viktig !
Takka vere underskirfter og engasjement fekk vi teke opp saka om Vindkraftutbygging i Haram Kommunestyre 29.08.2019.
Vårt initiativ vart behandla og fekk einstemmig støtte av kommunestyret trass i rådmannen si innstilling om at den burde avvisast. Ingen stemte imot og innbyggerinitiativet gjekk igjennom slik det var formmulert.Ein viktig siger!
No er vedtaket i Haram Kommunestyre sendt til NVE og OED.
30 august fekk vi brev om at NVE har godkjent MTA planen for Haram Vindkraftverk. Det einaste som står att no i den formelle prosessen før Zephyr kan starte utbygginga er er ankebehandling i OED. Vedtaket blir i alle fall anka av Haram Kommune og av vår organisasjon Nei til Vindkraftverk på Haramsøy.
Kommunsetyrevadtaket blir viktig i ankesaka der vi har som mål å få stoppa denne konsesjonen. Det er berre øvste politiske leiing som kan gripe inn. I praksis vil det seie å få vurdert konsesjonen på nytt.
Arbeidet som må gjerast no er er å argumentere godt gjennom vår advokat og gjennom anken om kvifor denne MTA planen ikkje burde godkjennast og konsesjonen ikkje burde ha vore gitt. Det er ei prinsippielt vanskeleg sak, men vi ynskjer å få prøvd den.Vi gir oss ikkje før alt er prøvd for å stoppe utbygginga.
MVH Birgit Oline Kjerstad
Leiar i Nei til Vindkraftverk på Haramsøy
Nei til Vindkraftverk på Haramsøya v/Birgit Oline Kjerstad
Innbyggerinitiativ Nei til Vindkraftverk på Haramsøy
2019-08-17 13:17:27Til alle støttespelarar!
Innbyggerinitiativet vart sendt til Haram Kommune 14 august med underskrifter her på nett og dei som var komne inn på papir. Vi let oppropet ligge ute til 25 august slik at flest mogleg kan få signert før kommunestyremøtet.Særlig viktig er det med alle som har tilknytning til Haram, så oppfordr gjerne folk i ditt nettverk til å signere om dei ikkje allereie har gjort det. OBS Dei som har signert på papir skal ikkje signere på nettløysinga.
Vi har 241 underskrifter på papirlistene. Haram : 182 Andre kommuner :59
Desse kjem i tillegg til dei 229 som har signert på nett.Vi nærmer oss 500 .
Mvh NEI til Vindkraftverk på Haramsøy
v/ leiar Birgit Oline Kjerstad
Nei til Vindkraftverk på Haramsøya v/Birgit Oline Kjerstad