Nei til ny E134 gjennom Langlim, Gjevarvatn og Drivarbekkdalen

Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Innspel sendt til fylkestinget i Telemark + vegen vidare

2016-12-04 18:11:10

Hei alle,

I dag er de 753 som har signert dette oppropet. Her er litt informasjon til dykk om kva vegen vidare er:

I dag har vi sendt ein kortversjon av høyringsuttala til Statens vegvesen sin KVU, til alle medlemmer i fylkestinget i Telemark, samt til medlemmene av dei kommunestyra som enno ikkje har behandla saka, dvs Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal og Hjartdal.

Så har vi hatt ei siste redigeringsøkt på høyringsuttala vår i dag, og den er klar til å sendast til ekstern kvalitetssikrar i kveld. Vi ønskjer å få råd frå folk som har erfaring frå slike høyringsprosessar frå mottakarsida, slik at vi er sikre på at vi har treft rett.

De som har signert, vil følgje høyringa i eit eige vedlegg med underskrifter.

Eg vil takke alle dykk som har signert, og be dykk om hjelp til å få flest mogleg nye signaturar på plass til fristen for høyringsuttala, som er den 15. desember. Eg har høyrt at mange som trur dei har signert, ikkje er med på lista, mest sannsynleg fordi stadfestinga pr epost ikkje er blitt gjort riktig. Så når de no vervar nye underskrifter, ver nøye med å seie at underskrifta ikkje blir registrert før den er stadfest i eposten de får.

Hjelp oss med å skaffe flest mogleg nye underskrifter til 15. desember!

Alt godt,

Kristin Bakken


Kristin Bakken



Del denne underskriftskampanjen

Hjelp dette oppropet å innhente flere signaturer.

Hvordan markedsføre et opprop?

  • Del oppropet på Facebook-veggen din og i grupper som har med emnet i oppropet ditt å gjøre.
  • Kontakt vennene dine
    1. Skriv en melding der du forteller om hvorfor du har signert dette oppropet. Det er mer sannsynlig at folk signerer hvis de forstår hvor viktig temaet er.
    2. Kopier og lim inn nettadressen til oppropet i meldingen din.
    3. Send beskjeden ved hjelp av e-post, SMS, Facebook, WhatsApp, Twitter, Skype, Instagram og LinkedIn.