Tine, me vil ha økologisk melk frå Vestlandet!

Tine vil ikkje investere i ny tank i Ålesund, og blander difor all den økologiske melka frå denne regionen i den «vanlege».

Det vil koste Tine skarve 800 000 kroner å reparere/erstatte tanken. Dette meiner Tine er for dyrt. 

Tine bruker òg dette som eit påskot til å reforhandle om økobønder skal få tilskot berre for melk som går til vidareforedling.

Dette er demoraliserande for norske bønder som vil drive økologisk, og me kan ikkje akseptere at eit monopol opptrer på denne måten.

Skriv under og del vidare.

Forbrukarmakt virker!